Ni Liv

Arrangementsinformasjon

NI LIV

Ni Liv er eit americana-band frå Bø og Midt-Telemark med tekstar på norsk. Musikken speglar heile bandets kollektive basseng av musikalske idéar og krumspring. Ni Liv har sidan starten i 2003 spela over 400 konsertar rundt i Norge og gjeve ut 9 album. Plata "Langhelg" frå 2011, blei nominert til Spelemannspris i countryklassa.

Bandet har vore lista på P1´s spelelister heile 12 gonger. Låtar som Håkken e du, Det var den gong, Kastanjehår, Merkeband, Gruble i kor, Ikkje spør og Kan eg få lov til å elske deg blir framleis jamnleg spela på norgeskanalen og andre riksdekkande radiostasjonar.

Ni Liv gav ut sitt sjette studioalbum «Tell til tjuge» hausten 2020. Det er 4 år sidan sist album («Broder», Grammofon 2016), og 13 år sidan det aller fyrste i 2007 («Telemarkana», Warner).

«Tell til tjuge» er å få kjøpt som CD og VINYL, og inneheld 10 låtar spela inn under fire produktive dagar i Velvet Recording, Spydeberg – med Christer Krogh bak spakene.

Krogh har miksa musikken, og produsert albumet saman med gutta i bandet.

«Tell til tjuge», som også er tittelen på ein av songane på plata, fortel noko om at Ni Liv ikkje bare har tenkt seg som denne gongen – dei har tenkt seg godt om. Det gjeld det musikalske og tekstlege, men det gjeld også samarbeid, arbeidsmåtar og vegen vidare. Å halde saman som band er ikkje alltid rett fram. Og viss det blir rett fram, er ikkje nødvendigvis det så bra heller.

Ein tidleg vårdag i 2018 sette vokalist Jon Solberg og gitarist Jan Birger Akerhaugen seg ned i eit småkaldt øvingslokale i Oslo med kvar sin kassegitarar, ei kanne kaffe, ein bunke opne kort og eit knippe spørsmål som trengte svar. Kva for band vil me vere? Kven skal dra vogna vidare? Orkar me meir? Kor går vegen? Kvelden endte opp i eit nytt samarbeid, to nye tankar og tre nye låtskisser. Tittellåta, og fyrste singel som sleppast 3. april 2020, Tell til tjuge er ein av desse tre.

Åssen sier ein «hei» til ei ein ikkje orkar å sjå?

Åssen sier ein «hade» til ei ein ikkje vil gå ifrå?

Let att augun og tell til tjuge

«Musikken er umiddelbar, og tekstene er til ettertanke» - Telemarkavisa

«Om du ikkje har skjønt det før, dette er ei fantastisk plate» - Firdaposten

«Nok en gang i fremste rekke av norskspråklig tekst og sangformidling (...) Herlige og folkelige rytmer» - Trønderavisa

v NI LIV på Spotify: https://spoti.fi/2qlm0sc

v NI LIV på Youtube: http://bit.ly/2qm11q8

NI LIV er:

Jon Solberg (Bø) // Vokal, Gitar, Fele

Jan Birger Akerhaugen (Akkerhaugen) // Gitar, Kor

Knut Olav Sandvik (Ulefoss) // Bass, Kor

Terje Meisingset (Moss) // Tangenter

Eivind Aase (Flatdal) // Tro

gleng
glenghuset
sarpsborg
østfold
ni
liv
niliv
americana

Restriksjoner

Ingen aldersgrense

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke